Helene avslutta med stil!

Helene var denne helga med på Ungdomsstemnet i Numedal, eit stemne for aspirantar, rekruttar, eldre rekruttar og junior. Helene skaut godt på bane, og fekk til slutt ein 8 plass samanlagt. Dette toppa ho med å vinne feltskytinga med 30/24, 2 innertreff meir enn nr. 2.

31.08.10   Les mer

Lagmeisterskap bane 2010

Det vart arrangert klubbmeisterskap i baneskyting torsdag 19.aug.2010 på Mjøen skytebane. Geir Smedegård vart klubbmeister klasse 1-5. Helene Vikøren vann kl. Rekrut og Steinar Røyrvik vann kl. V65

20.08.10   Les mer

LS2010 - alle resultat frå Farnes

Her er LS2010 i tal. Alle resultat frå Farnes skyttarlag er summert opp i ein tabell.

10.08.10   Les mer

Lagsmeisterskap bane

Lagsmeisterskap baneskyting vert arrangert torsdag 19. august frå 17:30 og utover. Dette gjeld alle klassar utanom aspirant, desse har allereie hatt sitt meisterskap.

08.08.10   Les mer

Martin med kjempeskyting i feltfinalen på LS

Martin skaut fullt hus i finalen med 12 treff der heile 10 var innertreff. Dette førte han opp på ein sterk 16.plass ilag med 5 andre som hadde 41/10. Vi gratulerer.

07.08.10   Les mer

Resultat onsdag

Kun tre skyttarar frå Farnes var i aksjon i dag. Bjørn skaut 234 poeng i klasse 5 og Lennard 242 i klasse junior. I tillegg skaut Ludvig på veteranlaget til Sogn Indre, han skaut 99 poeng for laget som vart nr. 13.

05.08.10   Les mer

LS oppsummering tysdag

Mange skyttarar i aksjon i dag, men fyrst og fremst må me gratulere Sogn Indre med siger i samlagsskytinga for seniorar! Rett og slett imponerande. Av skyttarane frå Farnes var det nok ein gong ungdommen som gjorde det best.

03.08.10   Les mer

29. plass til Helene

Helene skaut ein god finale med 98 poeng (biletet) og 345 poeng totalt. Finalen starta med 2x9, og Helene fullførde med stil med 8 tiarar. Tilslutt skaut ho seg opp til 29. plass i klassen.

02.08.10   Les mer

Resultat søndag 1. august

I dag har V65, V55 og klasse 3 skote på LS. Ein kan vel trygt seie at ingen fekk fullklaff i dag.

01.08.10   Les mer

God skyting i dag!

Ludvig skaut seg opp frå 28. til 16. plass i finalen med ein god 99 omgang. Helene skaut 247 og er truleg finaleklar. Det same gjeld Rigmor som på feltrunden skaut 28/9.

31.07.10   Les mer

Ludvig finaleklar

Veteranane var i elden i dag, og det var Ludvig som kom best ut av det. Med 249 og ein sur 9.9 sikra han finaleplass. Sigurd enda på 247 og Leiv på 246. På feltrunden sleit Lidvard med vinden og enda på 20/2.

30.07.10   Les mer

Vérvarsel for Elverum

Her er véret på Elverum neste døgn.

Henta frå yr.no:

Veteranane fyrst i elden

LS2010 startar i morgon (fredag), og for Farnes er det veteranane som skal fyst i elden. Ludvig, Leiv og Sigurd skyt på bana, og Lidvard skal ut på feltrunden.

29.07.10   Les mer

Norgescup

Fleire skyttarar frå Farnes nyttar dei 3 norgescupstemna som opplading til LS2010. Vi vil prøve å oppdatere resultata etter kvart som dei tikkar inn.

28.07.10   Les mer

Skytetider LS2010

Då er LS2010 på Elverum rett rundt hjørnet, og skytetidene til Farnes skyttarlag finn du her.

18.06.10   Les mer

Helene nytt medlem i 350-klubben!

Under stemnet på Bromma i dag skaut Helene 350 poeng! Det betyr at Farnes skyttarlag har fått eit nytt medlem i den eksklusive 350-klubben.

24.07.10   Les mer

Biletarkiv

Farnes skyttarlag har no fått på plass eit nytt biletarkiv. Biletarkivet inneheld no ein del gamle bilete, og sjøvsagt nokre nye frå årets sesong.

23.07.10   Les mer

Leiv skaut 350!

Leiv Brun (V65) slo til med ny pers under skytestemnet på Stroka denne helga. 35 tiarar vert 350 og full pott! Ein flott prestasjon av veteranen.

19.07.10   Les mer

Jaktskyting 2010

Det er satt opp 8 måndagar til trening / oppskyting, med oppstart 3. mai kl. 17:30.

22.04.09   Les mer

Grasrotandelen - Farnes skyttarlag

Om du ynskjer at Farnes skyttarlag skal bli din mottakar av grasrotandelen, klikk deg inn på denne saka og les meir om ordninga.

22.02.09   Les mer

Sponsorar

Farnes
Forrige måned
september
Neste måned
M T O T F L S
1 2 3 4 5
6 7 8 9 10 11 12
13 14 15 16 17 18 19
20 21 22 23 24 25 26
27 28 29 30