Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Samlagstemna skogsløp Sogn Indre 2020

Nøkkelpunkter

Dato 23. august 2020
Arrangør Hegg Skyttarlag
Kontaktperson
E-post
Telefon 99492287
Kontaktinformasjon:

Påmeldingsfrist:

10.08 (kl. 21.00) - t.o.m 23.08.2020



Til påmelding

Samlagsstemne  i skogsløp med skyting 2020
Hafslo skyttarlag inviterar til samlagsstemne i skogsløp med skyting på skytebana (Hillestadstølen) , søndag 23. august   kl 16.00
(innskyting frå kl. 15.00…alle skyt inn børsene sine før start kl 16.00)
Opplegget vert omtrent  som i fjor….puljestart i dei ulike klassane, og skytinga blir på standplass 100 meter, mot elektroniske skiver. (Mrk. kun finkaliber). Gevær ligg på standplass og utøvarane spring oppmerka løype, og tidstilleggved evt. bom.   
To skytinger a´seks skot. Ungar t.o.m junior, samt NV og veteran,berre ligg....vaksne ein ligg og ein ståserie. Treff på ligg er niar og betre...treff på ståande er sjuar og betre.
Pga. smittevernhensyn, vert det ikkje strafferunde, men1/2 minutt tidstillegg pr. bom.Puljestart med 1 metersregel. TA MED EIGE LIGGEUNDERLAG.
Dette er tenkt uhøgtideleg og moro. Håpar vaksne som kjem med ungane òg tek utfordringa, og blir med. (Børser til utlån)
Klasseinndeling er etter vanleg DFS ungdomsklassar:  (NU, rekrutt,Eldre Rekrutt og Junior) Jenter og gutar er delt.
Vaksne:  Klasse kvinner,  menn og veteranklasse.  Det vert klasse Nybyrjar Vaksne , for vaksne som ikkje ynskjer å skyte ståande.
Premiering:  Medaljar etter gjeldande reglar.
Påmelding på mitt dfs frå 10 august
Deltakaravgift kr 50,- for alle.(Vipps)
Løypene vert ikkje lange. Det viktige her er å delta. Me håpar å skape ein triveleg ettermiddag, med konkurranse og moro for alle
Helsing
Hafslo skyttarlag i samarbeid med Hegg skyttarlag