Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Det frivillige Skyttervesen
Forsvar, sport og god våpenkultur

Fjordane Skyttarlag

Bakgrunnsmotivet i logoen er Trollakyrkja, eit karakteristisk fjell i Vetlefjorden.

Fjordane skyttarlag vart oppretta i 2010, og er ei samanslåing av dei tidlegare skyttarlaga Vetlefjorden og Sværefjorden.

Laget er i stadig vekst med omtrent 100 medlem, der dei aller fleste er jegarar. Det er organisert treningsaktivitet innandørs i vinterhalvåret, medan me samarbeider om treningsaktiviteten utandørs, samt jaktprøver, ilag med dei andre skyttarlaga i kommunen.

Fjordane skyttarlag har eit nytt elektronisk anlegg for innandørsskyting i kjellaren i Vetlefjorden Grendahus. Det er montert 5 elektroniske skiver med heis. Her er romslege fasilitetar, og gode parkeringstilhøve.

Utandørsbana vår er Esebotn skytebane, og er eit sameige av dei tre skyttarlaga i kommunen, Balestrand, Nesse og Fjordane. Alle laga har representantar i eit eige banestyre.

Esebotn skytebane er stadig i utvikling. Det vart nyleg investert i nytt kulefang og elektroniske skiver på 100m. Her er det plass til maksimalt 8 skiver, medan det kan plasserast 12 skiver på 200m.

Det nye skyttarhuset stod ferdig i 2006, og rommar kontor, opphaldsrom, kjøkken og toalettfasilitetar. Lokalet er mogeleg å leige ut.

 

Balestrand jeger og fiskelag byggjer no opp ny leirduebane i samband med skytebana i Esebotn, og det heile kjem til å verta eit komplett tilbod for skyttarar og jegarar.

 

 

Arrangementer siste år
Dato Stevne
27 - lørdag 29. mai 2021 Nammo-cup felt Fjordane Resultater (17)
22 - mandag 24. mai 2021 Jaktfelt Dalsdalen 2021 Resultater (48)
24 - søndag 25. april 2021 Fjordatreffen 2021 Resultater (34)
22 - søndag 28. mars 2021 Nammo-cup 3 Fjordane Resultater (12)
15 - søndag 21. mars 2021 Nammo-cup 2 Fjordane Resultater (13)
8 - søndag 14. mars 2021 Nammo-cup 1 Fjordane Resultater (10)
19. september 2020 Dugleiksmerkeskyting Fjordane Resultater (11)
19. september 2020 Lagstemne skogsløp Fjordane Resultater (11)
16. august 2020 Heradstemne Felt 2020 Resultater (46)
15. august 2020 Samlagsstemne Felt Sogn Ytre Resultater (42)
6. august 2020 Hjemme-LS Resultater (12)

Fjordane

Kontaktinformasjon

Leder skytterlaget
Svein Bjarnar Nesse
Skytterlagets adresse
v/ Svein Bjarnar Nesse
Torsnes 4
6899 BALESTRAND
Mobil
911 33 048
Bankkonto (drift)
38052002807
Org. nr
995986396
Innmelding
Bli medlem