Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
Strandvik Skyttarlag
i Hordaland skyttersamlag

Jens Georg vart Samlagsmeister på Os

Jens Georg etter omskytinga og sigeren var sikra

Samlagstemne i Feltskyting vart arrangert i eit nydelig ver på Os i helga. 5 skyttarar frå Strandvik var med, og 3 av dei tok seg til finale. Jens Georg hadde 30/22 og leda klasse ER før finalen. Håvard hadde eit treff mindre og med sine 29/22 var han på 6. plass i same klasse. Erik hadde 29/12 på grovfelten.  

Finalen i klasse ER vart ein skikkelig triller. Håvard fekk 10/4 og stogga dermed på 39 treff totalt. Jens Georg skaut fantastisk frå skive 1og fekk 12/8 samen med 3 andre skyttarar. Med dette var det duka for omskyting om sigeren i klasse ER. Her viste Jens Georg ingen nåde og auka på til 12/9. Dette kunne ingen av dei andre matche og dermed var det klart for første samlagsmeister frå Strandvik i felt nokonsinne. Gratulerer så mykje til laget og til Jens Georg!

På grovfelten finalen skaut også Erik 12 treff og avanserte dermed til fjerdeplass samanlagt. Idar Wergeland frå Lindås vart Samlagsmeister med 42/8.

Klikk på linken under for å bli kobla vidare til Os sine heimesider og fullstendig resultatliste.

 

Til helga avsluttast feltsesongen med stemne i Strandvik på laurdag og Hordastemne i Jondal på Sundagen. Stemnet i Strandvik er også lagsmeisterskap for lagets medlemer. Håpar då at alle som har vore med og trena i vinter vert med.

Andre eksterne sider:

Heimeside til Os