Hopp direkte til innhold

Hopp direkte til Søk

www.dfs.no
LS 2014 i Sandnes
Arrangør: Gann, Gjesdal og Klepp Skytterlag

Skyttercamp

Informasjon om Skyttercampene

Klepp stasjon 1.februar 2014

LS 2014, plassering av campingleirar

 Det vil bli campingleirar på Lutsi, Austråtthallen/Iglemyr idrettsplass, på Ålård «gamle» stadion og Gjesdal ungdomskule.

 Framkommeligheit for bobilar som skal brukast under LS.

Me har lagt opp til at bobilar som ein skal nytte under stevnet må stå på grusplassar, dette varsla om ved bestilling av campingplass. Det er grusplasser på heile Gjesdal ungdomsskule, nokon på Ålgård stadion , Iglemyr idrettsplass og ved Austråtthallen (asfalt). Dette vil bli gjort på grunn av framkommeligheita til bobilane er dårleg på gras dersom det blir regn.

Det vil bli lagt opp provisorisk straum til campingplassane, utgiftene til å rigga straumen blir ein del høgare enn det var på Oppdal i 2013. Av den grunn må me auka vederlaget for straum ein heil del i forhold til 2013.

Me har også område/plasser utan straum, for dei som ynskjer det. Dette blir på eigne område. Dersom samlaget/skyttarlaget skal bu samla, må alle eller ingen ha straum. 

Prisar for camping og påmeldingsskjema vil bli lagt ut på heimesida  i midten av februar.

 Vennleg helsing 

Nils Seldal

Formann for innkvarteringskomiteen

Nils.seldal@kleppnett.no    tlf 932 41 700

   

Oversiktskart som viser skytebaner og skyttercampene (Link)